Quantcast
Channel: Strikkeblogger | Norsk Strikkeblogg oversikt » Marius
Viewing all articles
Browse latest Browse all 34

Inspirasjon til haustens strikkeliste

$
0
0

Det er haust i lufta, og då kriblar det ekstra mykje i strikkepinnane! Samstundes flaumar det over av inspirasjon, både på bloggar, instagram og i nye bøker. I tillegg har eg alltid ei liste liggande over plagg eg har lyst til å strikke.

For ungane treng jo varme kle til skule og barnehage, det er alltids kjekt med ei ny hue eller tre, og skal ein gje strikka julegåver kan det vere kjekt å komme igang tidleg.

Allereie i sommar kom eg igong med haustplagga. Ja, det blei fleirtal. Det var masse kjekke prosjekt å starte på, og ingenting som hasta å gjere ferdig.

 

UFO-haug

UFO-haug

Så no sit eg med denne haugen av UFO-ar. Frå botnen kan eg presentere Mariushettejakke str 10-12 år, må klippast opp, sy på ermer, strikke hette og kant og montere glidelås. Nr 2 er nok ei Mariushettejakke, denne i str 8-10 år, og samme arbeid gjenstår. Vidare ligg det ein lommegensar som manglar halskant og montering. Neste plagg er også ein lommegensar som er ferdig strikka, og berre manglar trådfest. Nedst øvst ligg ein tunika til meg sjølv som eg starta på den helga Fikslein blei døypt for eit par år sidan, den blei tatt fram igjen denne helga. Og øvst ligg ei snoningstrøje som manglar knappar. Mottakaren blei fødd i forrige veke, så den må prioriterast.

 

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Men som alltid fristar det meir å sette igong med eit nytt prosjekt. Nokre nye bøker har det blitt, og strikkelista auka betrakteleg etter å ha bladd litt. Den nye Nøstebarnboka kjem nok til å bli ein klassikar som den forrige, Charlott Pettersen si bok “Strikk til mamma og mini” var ei god investering, i “Strik til banditter” av Signe Strømgaard har Snuppa plukka ut eit par tunikaer som står på ønskelista og i Marte Helgetun si bok er det mange fine idèar til plagg eg kan strikke til dei små eg kjenner.

 

Hos Paelas fristar Flora-toppen og huene til Klompelompe kan passe til dei fleste små hovud. Og så har sjølvsagt dei store garnprodusentane komme med nye mønster og nokre òg med nye spennande garntypar. Det er berre å velge og vrake i mønster og garn!

 

Kor finn du inspirasjon for tida?

 

Nøstet -

 

 



Viewing all articles
Browse latest Browse all 34


<script src="https://jsc.adskeeper.com/r/s/rssing.com.1596347.js" async> </script>